Nok om det.
For eit knippe dagar sidan spelte Portugal mot Ghana, samstundes som Tyskland spelte mot USA - ein runde som stort sett handla om målforskjell. Ikkje spesielt nervepirrande kampar, då mykje tyda på USA og Tyskland vidare uansett. Vi måtte difor sprite opp dagen litt - og då gjekk vi for den erkeportugisiske retten Bacalao de Kristiansund.
Som Aksel Sandemose sa: "Du skal ikke tro at du vet hva Bacalao er". For det held ikkje å skrive Bacalao, som mange av oss naive nordmenn trur. Bacalao, eller bacalhau, som det skrivast på portugisisk, tyder simpelthen klippfisk, og er difor ikkje tilstrekkeleg for å skildre ein matrett. Klippfisk brukast i alle moglege typar rettar, og den treng saktens ikkje å vere tomatbasert. Den vi nordmenn kjenner til, heiter altså Bacalao frå Kristiansund - tomatbasert, og snytgod.
Ingrediensar
1 kg klippfisk
3 boksar hermetiske tomatar
2 kg poteter, skiva
3 gule løk, skorne i ringar
1 glas grilla paprika
5 dl olivenolje av god kvalitet
4 fedd kvitlauk
5 Rawit chili (kan reduserast eller aukast etter preferansar - vår blei ganske sterk)
Basilikum
Salt og pepper
Svarte oliven til servering
Bacalao er kjempelett å lage, men tek litt tid. Openbart fordi ein må vatne ut fisken i minst eit døgn før han skal brukast - dette for å få ut saltet, og for å gje fisken tilbake sin opphavlege konsistens. Dess tjukkare fiskestykke, dess lengre tid tek det. Hugs også å skifte vatn per 12. time. Ein annan ting som tek tid, er å skrelle 2 kg med poteter og skjere dei i skiver. Ikkje flandern om eg gadd dette, så her satte eg mine assistentar Sondre og Kjetil på dette.
![]() |
Potetrogalendingane |
Vi ville ha brød til denne retten, og fann ut at "Shit, vi har jo alle ingrediensane til eit focacciabrød". Dette syntes vi var heilt sjukt, og laga difor dette. Mjøl, salt, olivenolje, litt honning, tørrgjær, svarte oliven og rosmarin - you know the drill. På det eine brødet slengte vi også fetaost på toppen. Var dette digg? Eg skal aldri meir ete focacciabrød utan fetaost på toppen.
![]() |
Once you go feta, you never go [sett inn rimord] |
![]() |
Frelsaren Jesus Kristus, for ein tekstur! |
Etter to timar med knøing av deig, shaking av ei gryte og fotballkamp på TV, så var det berre å servere til svoltne gjestar, like so:
For å drite i Aksel Sandemose og hans Jantelov, så vel eg å sitere meg sjølv: "Eg har aldri, i mine 25 år på denne jordkloden, smakt ein så forbanna digg fiskerett".
Eg har også fått Norstat til å lage ei ordsky basert på kva eit representativt utval av dei som smakte bacalaoen syntes om han.
Fotballkampen var det ingen som brydde seg om. Eit sjølvmål av Ghana og ein dårleg keeperprestasjon (kvar i Hellesylt var Adam Kwarasey?) av den ikkje-norske keeperen gjorde at dei slapp inn to. Sjølv scora dei eitt. Dette var ikkje nok for nokon av laga, og dermed ryk begge ut. Då slepp vi å høyre meir til Ronaldo-tårene, så det er igrunn greitt. Hadde vore kjekt å hatt med Ghana, men vi har uansett med festlaget Algerie vidare.
/Jon
Og takk til /Sondre som trufast kjøkkenassistent.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar