fredag 13. juni 2014

Takk Gud for feijoada og skodespelarferdigheiter

I går skjedde det faen meg. VM starta. Alle hjerter gledde seg, og no er vi i gong. Det var opningsseremoni og opningskamp - Brasil mot Kroatia. Kva er då meir naturleg enn å opne ballet med å fokusere på vertsnasjonen Brasil? Vi snakkar nasjonalpatriotisme, nasjonalmat, nasjonaldrink. Nasjonalpatriotismen til underteikna kjem for det meste på grunn av at eg har tippa Brasil som meisterskapsvinnar. Heia, heia!

Så, Modric vs Neymar - let's go!


Brasil - Kroatia

Spenninga i denne kampen var til å ta og føle på. Presset er jo gedigent. Og om ikkje folket i Brasil var i mot dette VMet før kampen, så trur eg i alle fall dei klikka ved 0-1-målet. Ein stillare stadion og eit reddare ansiktsuttrykk enn Marcelo sitt skal du leite lenge etter. Lei start, men slikt skjer. Las forresten om ein kar som satsa ein 200-lapp på sjølvmål som første mål i VM. Han vann 10 000 kroner. 
"Faenfaenfaenfaenfaen"

Etter dette våkna udyret i kampen, og Brasil pressa som berre juling. Dei dribla og dei dribla, og Neymar fekk hòl på byllen med det finaste sleivsparket eg har sett. "Var det der du sikta?", spurde reportaren. "Nesj, han gjekk no inn, gjor han ikkje?", svarte Neymar. Godt svart. Eg jubla. Topp 10 VM-keeparar hadde tatt den, seier Erik frå sofaen. Han kjem herved til å måtte skrive eit innlegg om keeparar. 

STRAFFE. Jada, jada, det var ikkje straffespark - ro ned. Folk i stua vår klikka, folk på internett klikka, folk på TV klikka. Nasjonen Kroatia klikka. Klart det ikkje var straffe, men djeez, konspirasjonsteoriar? Japan-Brasil: den neste supermakta, høyrer eg nokon seier. Okay. Kjipt når slikt skjer i VM, men det går over. Dårlig straffe. Dårlig keeper.
Takk Gud for skodespelarprestasjonar

Oscar punkterte kampen med eit vilt tåskudd, og dett var dett. Brasil leverer, ikkje overbevisande, men dei leverer. Fortent seier, synest no eg. Mange som sit i sofaen her inne er usamde, for Kroatia leverte bra, og det kunne fort ha svinga andre vegen dersom dei hadde utnytta sjansane sine betre.

Av individuelle prestasjonar var Oscar fantastisk. Han jobba opp og ned, vann ball, og scorte. Neymar viste seg som den redningsmannen det brasilsianske folk vil at han skal vere. Luiz gjorde også ein særs god kamp defensivt. Brasilbackane har ein del å gå på, for dei blei i stor grad overkøyrde av kroatar. Olic var god for Kroatia. Kompromisslaus. Fred og Hulk, derimot - begredeleg.

Feijoada

Det falt heilt naturleg for oss å opne med ei perle frå det brasilianske kjøkken. Vi erfarte imidlertid litt hell i uhell. Vi tenkte at "brasilianarar grillar, jo, gjer dei ikkje?" Vi hadde så lyst å grille, men heldigvis regna det, slik at vi måtte gjere litt research. Då enda vi opp med feijoada - Brasils nasjonalrett. Svarte bønner, kjøt, urter, og anna digg. Eg og Sondre måtte ut på shopping:


Mat frå kontinentet
Sjå! Persille!

Stolt eigar av svarte bønner

Etter saumfaring av butikkhyllene, diskusjon rundt krydder, styrke, salt, søtt, (sentral midtbane) og blandingsforhold, endte vi opp med dette:



Feijoada var eigentleg "slavemat" (viss det er lov), for slavane i Brasil. Typisk restemat. Man tager hva man haver, og helst billige greier. Billig kjøt, bønner, osb. I dag er det nasjonalretten, og det skjønar eg godt, for dette blei smakfullt.

Ingrediensar
Olivenolje
Svarte bønner
Lauk
Kvitlauk
Chili, type Rawit
Krydder: Persille (fersk), koriander (fersk), salt, pepper, kajennepepper, spisskummen, laurbærblad
Bacon
Svinekotelettar
Chorizo
Salsiccia (italiensk kjøttpølse)
Polsk krydderpølse
Ris
Appelsin

(beklager mangelen på mengder og mål, men her går ting på gefühlen)

Eg starta med å koke opp alle dei fire boksane med svarte bønner med ein del vatn i ei stor gryte. Med dei hadde eg beina frå svinekotelettane, som eg bruna litt, 3-4 laurbærblad, og litt salt. Dette gav ei fantastisk kraft/base. Denne kokte vel i en times tid. Mot slutten av koketida steikte eg baconet, og slengte det i gryta, og sparte på feittet. Deretter steikte eg pølsene og kotelettbitane i baconfeittet, og drylte dei i gryta. Fylte deretter på med vatn slik dei dekte kjøtet.

Mykje sunt feitt
Her kjem det viktigaste. No steiker eg ein finhakka gul løk, 4 fekk kvitlauk, og 2 stk finhakka rawit-chiliar i feittet frå baconet, pølsene og kotelettane. Steiker til løken er blank. Etter dette hiv eg litt salt, pepper, kajennepepper, spisskummen, og finhakka persille og koriander opp i løk- og chiliblandinga. Dette er digg. Anbefalar på det høgste å smake litt på denne før du går vidare.

Til slutt er det å smokke alt opp i gryta, og la det koke i en times tid. Heilt til slutt moser eg nokre av bønnene for å tjukne konsistensen litt. Eit tips er også å raspe litt appelsinskal oppi, for syre.

Okay. No er vi ferdige. Servèr herlegdomen med kokt ris og appelsinbitar (viktig), og bruk persille og koriander som garnityr.

Underteikna presenterar sitt resultat i lukkerus. Med eksotisk blomekrans for anledninga.
Serveringsforslag (SCANPIX (neida))


Alle var samde om at dette var j*vlig digg, og at vi var glade for at det regna, tross alt.

Dersom du ser ekstra godt i bakgrunnen på serveringsforslaget vårt, og på biletet over her, så kan du sjå ein drink i cocktailglas. Kan du gisse kva drink det er? Det er naturlegvis Caipirinha, Brasil sin nasjonaldrink. Takk til Pieter for ei utsøkt drinkoppleving.

"Ooooh, sjå, eg heiter Pieter, og eg er bartender"

Med dette takkar eg for meg, og ser fram til Spania - Nederland, med Nederland som heidersgjest. Mannen på biletet over skal stå for kokkeleringa. Gud som me gler oss.

/Jon

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar