Jokkes mantra “Å leve gjennom andre er det perfekte tidsfordriv” gjeld i alle fall i fotballen. Lite gir nemleg meir glede enn å vralte seg rundt i andres ulukke. Me hadde fått blod på tann, og Spanias tap mot Chile gjorde oss endå meir blodtørste. Kunne nedturen fortsette? Kunne Australia, plassert på 62. plass på FIFA-rankingen, slå den ubestridte leiaren?
Kenguru-landet trengde all hjelp dei kunne få. Me skulle i alle fall gjere vårt for å løfte Socceroos til nye høgder. Vårt lille bidrag kom i form av ein grill, to øl og to kjønnslemlesta kyllingar — også kalt ølkylling. Denne makabre men fantastiske grillretten blir servert i dei fleste verdshjørner, men har visstnok sitt opphav i BBQ-landet Australia. Planen vår var enkel: Ved å plassere ein ølboks i dyrets bakende, skulle kyllingen bli tilført ein saftigheit av heilt nye dimensjonar.
Ingrediensar
2 heile kyllingar
2 øl (gjerne mørke)
Olivenolje, 1 dl
2 Chili
3 fedd kvitlauk
Rosmarin
Salt
Peppar
Kyllingen kan serverast i lag med nærast kva som helst. Me gjekk for ein eple- og ananasbasert salsa, potetsalat, samt grilla sopp og paprika.
Med eitt grillen var tend, lagde me ein heilt enkel marinade beståande av olivenolje, chili, kvitlauk, rosmarin, salt og peppar. Marinaden smurte me seinare på kyllingen, både før og undervegs i grillinga.
Etter den enkle oppvarminga, kunne underteikna og Pieter opne kvar sin øl (for anledninga to mørke meistrar, Guinness og Hansa Bayer). Etter eit par-tre slurkar, fann me fram kniven og kutta av den øverste tredjedelen på boksane. Neste steg var langt meir utfordrande. No skulle me nemleg tre ølboksane over kyllingane, og sørge for at dei var i stand til å stå vertikalt på grillen utan å falle.
![]() |
Ver varsam med tennveske |
I tråd med alle interne HMS-reglar blei kyllingen omsider plassert på grillen. Kyllingen skulle berre steikast indirekte, og me holdt oss unna dei varmaste områda. Optimalt sett skulle me no ha sett på lokket, men i mangel av betre alternativ måtte me ty til aluminiumsfolie. Me vonar at du, vyrde lesar, aldri vil trengje å uroe deg over slikt.
Kyllingen blei så ståande i rundt ein og ein halv time før den var mør og gjennomsteikt. Steiketida er sjølvsagt avhengig av storleiken på kyllingen, men me kan oplysa om at begge våre beist var ca 1,2 kilo. For å sikre oss om at kjøtet var klart, stakk me inn ein kniv i øverste del av kyllingen. Safta rann ut, og jubelscenane på terrassen i Bergen var ironisk nok samtidige med jubelscenane i Curitiba då Spanias sat inn sitt tredje mål for kvelden. Då maten kom på bordet i lag med salsa, potetsalat og ymse grønsaker, blåste dommaren av. 3-0 til Spania var eit faktum, og begge lag var ute av VM.
Etter ei
ukristelig mengd med fråtsing, var konklusjonen fatta: Ølkylling er sjukt godt,
og livet er ikkje verre enn at me kan unne Spania ein fattig siger.
Tiki-takaen
er kanskje ikkje daud, men den er i alle fall i koma.
![]() |
To mette menn |
/Eirik
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar