Dette innlegget handlar altså om den særs spanande dagen, 18. juni. Spanande, både fotballmessig og kulinarisk. Spania er landet. Chile er motstandar. Vårt ellers trange og rotete studentkjøkken er omforma til eit spansk kjøkken - fargerikt og fullt av dufter frå fjøra nede ved middelhavet. Mykje stod på spel.
Kva er det mest spanske som finst? Tyrefekting, heilt korrekt. Kva er det nest mest spanske? Tapas. Eller kanskje paella. Eller det okseløpet i Pamplona. Det er i det heile teke vanskeleg å seie, men vi går for tapas. Spansk mat er digg, dette veit eg. Det er ikkje sikkert det er alle som har fått det med seg, men eg har faktisk budd i Barcelona i eitt år, så litt har eg altså plukka opp på vegen. Dette skulle eg prøve å bevise då eg diska opp med tapas til svoltne fotballtilhengarar.
En fun fact om tapas aller først. Tapa betyr lokk, så tapas betyr altså lokk i fleirtal. Dette fordi ein i søndre strøk vanlegvis serverte syrleg drikke som brus, øl, etc med ein liten tallerken oppå for å halde smådyr vekke. Oppå denne tallerkenen la ein ofte litt snacks, som ost, brød eller liknande - gratis. Denne tradisjonen har i stor grad døydd ut, sikkert etter vaksiner vart oppfunne, og ein får no tapas attåt, og ikkje oppå. I Granada, sør i Spania, får ein imidlertid fortsatt tapas gratis når ein bestiller drikke. Ein kan altså drikke seg både full og mett.
Vi har etter førespurnad frå våre faste lesarar bestemt oss for å starte med jamne spørjekonkurransar her på sida. Den første lyd som så: Er dei to middels store egga i kartongen frå frittgåande høner?
Send kodeord søttsaltsentral og svaret ditt (ja/nei) til 98890931. Vinnaren vert trekt i morgon, og publisert her på sida.
Frå ingrediensane ser du kanskje at eg skal lage føljande seks tapasrettar: (1) Pan con tomate, (2) Gazpacho, (3) Tortilla española, (4) Frityrsteikte chili, (5) Steikt chorizopølse med persille og (6) Oliven- og manchegosnacks.
Ingrediensar
Pan con Tomate (brød med tomat)
Lyst brød
Gode tomatar
Kvitlauk
Olivenolje
Havsalt
Gazpacho (kald tomatbasert suppe)
1 boks hermetiserte tomatar
1 ts tomatpurè
1/4 agurk, hakka
3 fedd finhakka kvitlauk
1 chili, finhakka
1/2 spisspaprika, hakka
Liten bunt persille
Olivenolje
Rødvinseddik
Vatn
Tortilla española (spansk potet- og løkomelett)
6-7 poteter, skorne i terningar
1 gul løk, hakka
2-3 egg
1/2 liter olivenolje
Fersk spinat
Øvrige rettar
Assortert utval med chili
Chorizopølse
Fersk manchego (spansk saudeost)
Ferske oliven
Chorizoen steikast. Manchegoen skjerast i serveringsvenlege bitar. Oliven leggast i ei skål. Chilien frityrsteikast i ein god skvett olivenolje til dei "poppar", dvs, lufta går ut av dei.
Pan con tomate gjerast slik: ein ristar det lyse brødet lett (skal nesten ikkje vere brunfarge på det, så låg instilling på brødristaren). Deretter tek du eit fedd kvitlauk og gnikar det inn i brødet. Deretter ein oppskoren tomat og kjæler han på brødet slik innmaten ligg att. Resten av tomaten må gjerne konsumerast rått. Til slutt strør ein litt salt og olivenolje på, til det ser litt ut som biletet til høgre.
Gazpachoen er forferdeleg enkel å lage. Ein varmar den finhakka kvitlauken i litt olivenolje til kvitlauken vert blank (ikkje brun, for fanden). Deretter tilset ein resten av grønsakene og tomatpurèen. Bræs dette i eit lite minutt før du heller den tomatboksen (minus boksen), ein dæsj rødvinseddik og ein splæsj olivenolje i. Stavmiks deretter dette mens du heller iskaldt vatn oppi, og fortsett til preferabel suppekonsistens. Smak deretter til med basilikum, persille og pepper og set kjølig slik ho er kalt til servering.
Tortillaen er nesten umogleg å lage, så gatekreditt til meg for at den endte så bra som den gjorde. Neida. Det er lett. Sjå no da. Fyll opp ei steikepanne med ein halvliter olivenolje og kok opp denne. Berre å dryle på til oljen fyk veggimellom. Potetene må vere skrella og skorne i like store terningar. Løken grovhakka. Når oljen sprett, skru ned til middels-låg varme, og hell heile greiene oppi og la det småputre i en 5-10 minutt til potetene er møre (sjekk med kniv, eller gaffel, eller strikkepinne for den som har det). I mellom tida legg du spinat i ei kaserolle med olivenolje i, slik blada krøllar seg saman. Bruk ca ein halv pakke som vist på biletet. Prosessen skal sjå ut slik som biletet over. I tillegg miksar du egga dine saman med litt salt og pepper i ei skål. Slik, no er du klar til det kjekke.
![]() |
For ei kake! |
Når potetene er ferdige, så siler du av oljen (sil den av i ei kaserolle, slik du kan bruke den til frityrkokinga av chilien, yo) og blandar saman potetene, løken og spinaten i ein bolle. Slå på eggeblandinga, og bland goooodt i hop. Deretter slenger du alt tilbake i steikepanna og steiker i 4-5 minutt til du reknar med at undersida er fast og fin og såvidt brun. Så kjem det som er litt tricksy. Legg ein tillerken oppå tortillaen, og sil av den olja som eventuelt er att i panna. Deretter flippar du panna, og dersom tyngdekrafta fungerer, så ligg no tortillaen på fatet ditt, med den usteikte sida ned. Denne sklir du berre ned på steikepanna igjen, og steiker han ferdig. Så kan du repetere prosessen med tallerkenen, men denne gongen rett før servering. Morosamt!
Dersom alt har gått smertefritt, skal resultatet sjå slik ut:
![]() |
Artistisk fridom premierast sjølvsagt |
![]() |
Det gjekk veldig bra, som dykk ser. |
![]() |
"Dei grøne chiliane er veldig sterke", sa ho i kassa. "Trur det skal gå veldig bra", svarte eg sjølvsikkert. |
![]() |
It's all about the layers, man. Og olje, masse olje. |
[Sett inn pølsebureferanse]
Som dykk kanskje skjønar så er dagens tittel inspirert av VG si flotte overskrift, som visast til venstre her. Kjempemessig journalistikk her, altså. Ganske kraftig å seie at Casillas vart finta ut i pølsebua, og ikkje minst ein heilt forferdeleg vri på dette idiomatiske uttrykket.
Herleg pølsebureferanse frå VGs journalistar. |
Det verste med Spania var likevel kor blasse og tafatte dei såg ut framover. Ingen stikkarar, ingen veggspel, ingen tiki-taka. Redningsmannen Diego Costa, utskjelt i heimlandet Brasil, skulle skyte Spania til topps. I staden ender han med 0 mål, og sikkert pipekonsert i Madrid òg.
![]() |
Jepp. Tiki-takk for alt. |
Så då gjenstar det berre å gratulere Chile med avansementet. Og til Spania, så seier Dagbladet: Tiki-takk for alt.
Hadde mykje på hjartet i dag, men det er greitt.
/Jon
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar