fredag 6. juni 2014

Velkomen til gards!

Søtt, salt og sentral midtbane


Vi er ein gjeng fotballinteresserte unge vaksne, som ikkje så reint lite ser fram til ein månad fullspekka med internasjonal fotballtevling. Vi skal ivrig følje med på samtlege kampar. Vi skal i tillegg gjennomføre inngåande analyser med store, flotte touchskjermar, og monotont stemmeleie. Neida.

 

Men fotball er ikkje det einaste vi interesserer oss for. Vi er likså opptekne av mat, og den kulinariske opplevinga ein slik "melting pot" eller "salad bowl" vil føre med seg. Mat skal difor få sin rettmessige andel av spalteplass her på Søtt, salt og sentral midtbane.

Øl drikk vi, òg.

Såleis skal vi i det komande fordjupe oss i eit verd prega av fotball, mat og øl.
Vi vil kvar dag fokusere på eitt land, som spelar kamp denne dagen. Denne kampen skriv vi refleksjonar frå. Ikkje med ei analytisk og kritisk røyst, men heller med ei leikande og lettbeint tilnærming. Vi kjem også til å diske opp med eit måltid frå landet som er i søkelyset. Dette betyr sushi frå Japan, burrito frå Mexico, tapas frå Spania, osb. - du skjønar teikninga. Vi legg sjølvsagt ved oppskrift og bilete, og nokre smaksrefleksjonar. Til å skylje ned maten drikk vi øl frå dei respektive landa, ev. te frå dei landa der alkohol er forbode.

Så, strap down, og lat spela byrje.

Wir leben autos VM.






/Jon

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar