Dak-kalguksu
La meg starte frå byrjinga: Sjølv om søvnen
hindra meg i å heie fram dei elleve kvitkledde som sprang ut på Arena Pantanals
ved midnatt, var det ingenting å seie på den kulinariske oppladinga. Pieter Jan
hadde sett seg lei på føregåande dagars fettfest, og var klar for eit noko
sunnare alternativ: Dak-kalguksu, som på norsk kan kan karakteriserast som
nuddelsuppe med kylling. For Bergens største suppe-entusiast var dette eit
naturleg val, og underteikna var heller ikkje vond å be.
Suppe:
1-1,5 kilo kyllingfilét
Vatn, 5 dl
2 squash
2 løk
20 (!!) fedd med kvitlauk
1 bunt vårlauk
Fiskesaus, 3 ss
Sesamolje, 2 ss
Salt, 3
ts
Pepper, mykje
Mjøl, 4 koppar
Potetmjøl, 1 kopp
Salt, 2ts
Olivenolje, 2 ts
Vatn, 2-3 dl
Slik gjekk det til: Først fylte me opp
ei relativt stor gryte med kaldt vatn til kyllingfiletane, lauken og
kvitlauken. Kvitlauksfedda var heile, og løken hadde me kutta i berre fire
delar. Desse blei likevel fjerna seinare, skulle med andre ord kun gje smak.
Dette koka me opp, og lot småkoke i cirka ein time. Fiskesaus, litt sesamolje
og ein mengd med pepper blei tilsatt etterkvart.
Eirik knar "nuddeldeig" som om han aldri har gjort anna |
Deretter gjekk me i gong med
nuddeldeigen. Oppskriftsmessig (og som eg lærte på Fløgstad skule i 1997),
blanda me alt det tørre før me tilsatte olja og vatnet. Deigen knadde me til
den var fast og tørr, før den blei lagt i ein plastikkpose og kasta i kjøleskåpet.
Denne prosedyren gjentok me firegonger, med ca eit kvarters mellomrom.
![]() |
맛있는 |
“Inga Dak-kalguksu utan zucchini”, som
dei antakeleg seier i Korea. Squashen og vårløken finhakka me; førstnemnde i
lange strimlar, sistnemnde i ringar. Dette blanda me så inn med eit par klyper
salt.
Kyllingen var god og mør etter halvannan
times koking saman med resten av krafta, og no gjenstod berre sjarmøretappen.
Som sagt tok me ut alt frå kyllingkrafta, men det var berre kvitløken og
kyllingen me tok vare på. kyllingen kunne ein no lett rive i strimlar, og
kvitlauken blei most i lag med litt salt, pepper, soyasaus, og vatn. deretter
var det berre å blande kyllingen og marinaden sammen.
Tilbake til nudlane: Etter rundt ein
time, tok me deigen ut av kjøleskapet, og kjevla til den var ca to mm tjukk.
Ved hjelp av pizzahjulet skjærte me så tynne og lange strimlar. Desse vart så helt
i den kokande krafta i tre omgangar — i fem, seks minutter. På dette
tidspunktet lukta leiligheta vår meir eksotisk enn naboen i første etasje
(Allehjørnet thaimat), og resten av følget sat seg til bords.
Hannah vikarierer som nuddelstativ |
Yong, Yong, Jeong, Young, Young, Yong, Young, Yueng og Young.
Kva så med kampen? Sett bort frå fire
gule kort, tre mål og ein Akinfeev-tabbe tatt ut frå læreboka til ein viss
blunkande telemarking, hadde kamprapportane elles lite å melde om. Men sjølv om
Sør-Korea som fotballnasjon framleis har betringspotensiale, er det mangfoldige
grunnar (i alle fall fem) til at dette mytiske landet fortjener betre enn ein søvande
liksom-supportar som meg. Eg nemner i fleng:
- Det finst neppe ein dommar i verden som ikkje blir svett av å halde orden på denne lagoppstillinga: Ryong, Yong, Jeong-Ho, Young-Gwon, Suk-Young, Chung-Yong, Kook-Young, Ja-Cheol, Sung-Yueng, Heung-Min, Chu-Young. Blir du spurt om din favorittspelar frå Sør-Korea, gå for Young. Idiotsikkert.
- Big in Korea: Er det noko koreanerar kan, er det å hylle sine heltar. Hugsar du Uniteds duracellkanin Ji-Sung Park? Midtbanespelaren er så svær i heimlandet at han mottok meir fanpost enn nokon annan spelar i Premier League. Han har til og med eit eget museum i heimbyen!
- Likar du usexy og ujålete fotball, og føler Serie B og Zweite Bundesliga blir for mainstream, er Sør-Koreas eigen K-League kanskje ligaen for deg. Blant dei einaste utanlandsproffane med erfaring frå både K-Leauge og Champions League, finn me ingen ringare enn Jon Olav Hjelde. Kanskje er museet under planlegging?
- I 1983 blei Hallelujah FC sør-koreanske seriemeisterar.
- Sør-Korea har verdas einaste fornøyelsespark med toalett-tema.
![]() |
Igor Akinfeev lukter på hanskene sine som var smurt inn med såpe for anledningen |
For å bidra til ytterlegare forsoning
mellom meg og republikken Korea, ba eg også mine gode vener om å dele sine
djupaste tankar om halvøya i Aust. Spørsmålet var enkelt: Kva er det beste med
Sør-Korea?
“Gode naboar!” (Sondre, 25 år)
“Hentaipornoen! Men vent, er ikkje det
Japan?” (Jon Marius, 25 år)
“Billig teknologi. Sør-Korea har fulgt
meg gjennom livet som trufast ven på data- og mobilfronten. For dette skal eg
alltid vere dei evig takksame.” (Pieter Jan, 25 år)
Takk og unnskuld, Sør-Korea. Sjølv om eg
ikkje var på festen, var i alle fall vorspielet upåklageleg.
![]() | /Eirik | |||||||
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar