![]() |
Y'ol Speckled Hen |
Det vart litt delay på posten frå laurdagen, grunna at vi eigentleg ikkje har noko. Pieter jobba, og eg og Sondre var på Bergenfest for å sjå Franz Ferdinand Lee Fields and the Expressions, tydelegvis. Det såg altså ut som om blogginnlegget skulle renne ut i sanden. Men som Gerrard sa, slik tenkte vi og: This does NOT fockin' slip!
Så vi hasta frå bergens beste rappar til den første pøbben vi såg. Og kamp fekk vi sett. Heia Rooney, Sterling og Sturridge. Heia Pirlo og Marchisio. Og Balotelli, for han har eg som toppscorar.
Vi kjøpte oss øl, for det er slik engelskmenn gjer, har eg høyrd.
Men vi var svoltne òg. Så medan vi gjekk frå pøbben og ropte "Bring the Roon (x17)" nedover gata, og nesten hamna i slostkamp med ein som ikkje var samd i at Rooney er så god, så fann vi oss ei sleta sjappe på fisketorget som solgte fisk.
Fish n' chips altså. For det er også slik engelskmenn gjer. Eg har vore på Oxford Street i London, så dette kan eg.
![]() |
"Ser eg engelsk ut no, Sondre?" |
![]() |
Du ser ikkje fisken, men han var der. Ketchuprestane avslører det. Og Sondre både et og anbefalar fisk og chips frå Fisketorget. |
Bonus for dei som ikkje tek referansen
/Jon
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar